Torjus døter

Om visa

Visa finnast i fleire av dei nordiske landa. Teksten under er delvis henta frå Telemark, delvis omsett frå Færøysk.

I filmen her kan du høyre den færøyske varianten, medan i lydklippet kan du høyre dei tre første og siste verset av visa slik den er presentert i teksten under.

Dansemåte

Stordans.

Teksten

1. Torjus hadde dei døter tvei
å danse.
lengje om morgonen søve dei.
Vel er me ansa.
Her vil eg på golvet fram å danse,
um enn mitt liv sko stå i vande,
vel er me ansa.

2. Torjus han gjeng åt buret,
vekkjer han Kari prude.

3. Statt opp, Kari, kle du deg,
kyrkjefylgjet biar på deg.

4. Sei kyrkjefylgjet dei kan ride,
dei tar’ ’kje etter meg bie.

5. Ho sette seg ned på sengje,
kledde seg vel og lengje.

6. Kari ha på seg silkeserk,
nie var møyarnes handeverk.

7. Kari ha på seg stakkjen raud,
gullet låg etter kvor dan saum.

8. Ho sette seg ned på sengjestokk,
drog ho på seg den silkesokk.

9. Kari ned på golvet trod,
smette ho på seg raude gullsko.

10. Kari gjeng åt bekkjen,
sitt gule hår ho rekkjer.

11. Ho tvettar sitt hår i skirevann,
greier ho etter med sylvarkam.

12. Ho slengjer sitt hår i raude gulltråd,
venaste hovudgull sett ho på.

13. Kari gjeng åt stallhuset då,
sjav så leggje ho gullsadel på.

14. Sjav sadlar ho sin gangare grå,
ho ha ’kje sveinen å lite på.

15. Kari aksla si kappe blå,
tok ho den vegen på heii låg.

16. Og som ho kom seg sunnan i li,
møtte ho dei røvarar tri.

17. Og som ho kom seg noko på hei,
møtte ho dei røvarar tvei.

18. Som ho hadde dei halvfari lei,
møtte ho den røvaren ein.

19. Er du dotter åt Maria møy,
hell dotter åt Torjus under øy?

20. Eg er ’kje dotter åt Maria møy,
men dotter åt Torjus under øy.

21. Vil du vera ei røvarviv,
hell vil du for sverdet lata liv?

22. Eg vil ’kje vera ei røvarviv,
heller for sverdet eg latar liv.

23. Røvaren sverdet or sliri drog,
hogg han møya i lutar två.

24. Der kor blodet hennar rann,
håge voksljos etter brann.

25. Der kor hovudet hennar låg,
sprang ei kjelde så rein og klår.

26. Der kor kroppen hennar låg,
reistest ei kyrkje med krossar på.

27. Røvaren heim åt garden for,
Torjus ute for honom stod.

28. Høyr du røvar, eg talar til deg:
Såg du Kari, dotter mi?

29. Fulla vel eg henne såg,
i Mariakyrkja var ho i går.

30. Torjus, Torjus, lån meg hus,
eg hev vore så såre sjuk!

31. Torjus talar til røvarsvein:
Gakk du deg i stoga inn!

32. Åse lita, tenna ljos,
røvaren er til kvile fus.

33. Åse breier dei bolstri blå,
sjuke drengjen der under låg.

34. Åse lita, sov hjå meg,
silkeserken gjev eg deg.

35. Serken fyrst du synar meg,
sidan vil eg sova hjå deg.

36. Då ho fekk den serken sjå,
systermerkjet kjende ho då.

37. Åse lita, sov hjå meg,
kappa blå eg gjeve deg!

38. Kappa fyrst du syner meg,
sidan vil eg sova hjå deg.

39. Då ho fekk den kappa sjå,
systermerkjet kjende ho då.

40. Åse lita, sov hjå meg,
krune av gull eg gjeve deg!

41. Krune fyrst du syner meg,
sidan vil eg sova hjå deg.

42. Då fekk den kruna å sjå,
systermerkjet kjende ho då.

43. Åse slengde døra att,
røvar eg byder deg god natt!

44. Åse tenkjer med sjave seg:
Syster mi, eg skal hemne deg!

45. Åse gjeng åt fader sin:
Røvaren han drap dotter di!

46. Kven vågar meg det bod at bera,
eller kven vågar den gjerning gjera?

47. Eg vågar deg det bod at bera,
røvaren vågar den gjerning gjera.

48. Torjus talar til sveinar två:
De gjeng åt skogen og kyndle bål!

49. De gjeng åt skogen og kyndle bål,
røvaren han skal brenne no.

50. Det var årle morgon tid,
røvaren brann i grone lid.

51. Det var årle morgonstund,
røvaren brann i grone lund.

Kjelder

«Torjus døter» – oppskrift av Sophus Bugge, 1857 og 1863 etter Signe Napper, Mo (Telemark).
«Torkils Døtir» – iflg. «Stigum fast» (Færøysk visesamling).