Ko er det ærend du he te meg

Om visa

Friarvise frå Skuland i Vest-Agder etter Søren Sterkullson. Tradisjon etter Salve Ågset.

Torbjørn B. Lauen laga dansemåte som blei først prøvd på Måndagsringen i Bergen ungdomslag Ervingen i 2013.

Ordtydingar

Heggfjell: Òg skrive «Hekkfjell». Hekkfjell kan ein finne i både Hægebostad, Marnardal, Sirdal og Vennesla i Vest-Agder.

Hjuring: Gjeter

Dansemåte

Steg: Kvilesteg.

Brigde: Gut og jente snur tre-kvart gong rundt frå kvarandre på «Ko er du då?». På «Seia meir!» ser guten og jenta på kvarandre medan dei syng.

På aller siste «Ko er du då? Seia meir» snur guten og jenta seg attende til ringen (lengste vegen) og avsluttar songen i slutta ring.

Tonen

Teksten

Teksten ligg føre i ein kort og ein lang versjon. Den lange er den originale henta frå plata «Som Sky for Vind» medan den korte er det Torbjørn B. Lauen som har ordna til for bruk som songdans.

Kort versjon

1) Ko er det ærend du he te meg? Sei det du færa du så vida?
Eg tenkte på deg, eg drøymde om deg. Eg kjem til gards for å fria.

Ko he du du å seia meir?

2) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss me to kjeme då i saman?
Då ska vi fiska så flust med laks, og berre ha det gaman.

Ko he du du å seia meir?

3) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss laksen vi’ ikkje bida?
Då vil eg ta meg ein fløyl på øre, og traska kodne det kvida.

Ko he du du å seia meir?

4) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss det no skorta på kodna?
Då vi’ eg læra meg til hjuring, og trudle i bukke og hodna.

Ko he du du å seia meir?

5) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss hodne vi’ ikkje låda?
Då vi’ eg læra meg til båtsmann, og bygga skib og båda.

Ko he du du å seia meir?

6) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss bådan vi’ ikkje ganga?
Då kan du dra, til Heggfjells topp. Nå vi’ eg ikkje meire pranga.

Ko he du du å seia meir?

Ko he du du å seia meir?

Lang versjon

1) Ko er det ærend du he te meg? Sei det du færa du så vida?
Eg tenkte på deg, eg drøymde om deg. Eg kjem til gards for å fria.

Ko he du du å seia meir?

2) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss me to kjeme då i saman?
Då ska vi fiska så flust med laks, og berre ha det gama.

Ko he du du å seia meir?

3) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss laksen vi’ ikkje bida?
Då vil eg ta meg ein fløyl på øre, og traska kodne det kvida.

Ko he du du å seia meir?

4) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss det no skorta på kodna?
Då vi’ eg læra meg til hjuring, og trudle i bukke og hodna.

Ko he du du å seia meir?

5) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss hodne vi’ ikkje låda?
Då vi’ eg læra meg til båtsmann, og bygga skib og båda.

Ko he du du å seia meir?

6) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss bådan vi’ ikkje gange?
Då vi’ eg ta meg ein øks på øre, og hogge trean dei lange.

Ko he du du å seia meir?

7) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss treann vi’ ikkje krenge?
Då vil eg læra meg til lensmann, så stemne eg bøndan til tinget.

Ko he du du å seia meir?

8) Kosse vi’ du nå føa meg, viss bøndan mø’kje til tinget?
Då vil eg læra meg til prestmann, som både les og synge.

Ko he du du å seia meir?

9) Kosse vi’ du nå føa meg, viss messå e’ ikkje meire?
Då skal eg finna meg ei klubba, og te’ bøndan banke leire.

Ko he du du å seia meir?

10) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss leira tege te å frysa?
Så vil eg læra meg til gullsmed, og støyba gullet det lysa.

Ko he du du å seia meir?

11) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss gullet blir berre drauma?
Så blir eg lige godt skomager, og sko for bøndan sauma.

Ko he du du å seia meir?

12) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss ingen skoan vil kjøba?
Då gje meg åkke på fante-stien, og rundt i landet løba.

Ko he du du å seia meir?

13) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss posen blir nå for tunge?
Då lag me åkke ein liten drenge, det bil me begge onge.

Ko he du du å seia meir?

14) Kosse vi’ du nå føa meg, fyss drengen vi’ ikkje ganga?
Då kan du dra, til Heggfjells topp. Nå vi’ eg ikkje meire pranga.

Ko he du du å seia meir?

Ko he du du å seia meir?