Åttepardansen

Om dansen

Klara Semb skreiv ned denne dansen, truleg fyrst i 1930-åra, og han vart prenta i NF II 1935 utan andre opplysningar enn heimfestinga Rogaland. I 1973 gjorde Egil og Gunvor Bakka feltarbeid på Sandnes, og Egil Bakka førde arbeidet vidare i 1982 i samarbeid med Håkon Simonsen og Ruth Anne Moen. Slik kom det fram ei rekkje nye opplysningar om dansen. Han har vore brukt i losjen Aurora på Lura og i ungdomslaget Heimly på Soma (i Myrå). Der har han lev som eit lokalt innslag i det vanlege organiserte folkedansarbeidet som i alle fall ungdomslaget dreiv. Klara Semb skreiv dansen ned i ungdomslaget ein gong ho hadde kurs der: «Me var heile ring som danste då Klara Semb skreiv han ned. Eg veit ho stod på kateteret og skreiv. Ho såg turane etter kvart og noterte ned.» fortel Karl Rønneberg (f. 1909). I 1982 vart det gjort film- og videoopptak av fleire dansarar på Heimly, m.a. Jon O. Austvoll (f. 1909) og Karl Rønneberg som var med då Klara Semb skreiv ned. Nedteikninga som me har laga frå opptaka, skil seg naturleg nok ein frå Klara Semb si nedteikning. Skilnadene er helst detaljar, men dei er såpass mange at me har teke inn heile den nye nedteikninga i staden for å arbeida ho inn i den gamle som merknader.

Klara Semb skriv mellom anna dansen for 8 par eller fleire, og det har vorte praksis å laga fleire ringar når ein er mange nok til det. Det er vanskeleg å seia om dette med 8 år, som ligg i namnet, går attende til ein eller annan og eldre praksis enn den kjeldene frå 1973/1982 kjende:

«Dei dansa alltid dansen i berre ein stor ring, om det var mange fleire enn 8, berre det var partal. Dei brukte ikkje å telja inn i ringen, men berre så kven som stod på tvers over ringen for leikleiaren og kven som vart neste. Det hendeat eit par sprang inn og var med når det vart eit for lite når dei kom rundt.» fortel Jon O Austvoll. Dei andre var samde i dette og meinte det kunne vera omkring 100 med når dei var på det meste i «Myrå».

Skilnadene elles er helst å sjå som naturleg variasjon. Dels kan det vere ting som har kome inn i dansen etter den gongen Klara Semb skreiv han ned, dels kan det vera variasjon ho ikkje kunne fanga opp den gongen fordi ho stod utan tekniske hjelpemiddel. Jamvel i opptaka finst det ein noko større variasjon enn den me har har skrive ned. Det er grunn til å tru at mykje av dette skriv seg frå manglande dansetrening, men ein bør vera merksam på at mellom anna stegmønstra i turdansane våre nok har variert ein god del meir enn det som kjem til uttrykk i nedteikningar og praksis i dag.

Fakta

Frå: Sandnes i Rogaland
Andre namn: Åttapardansen

Kjelder

Semb, Klara (2002) Norske Turdansar – Songdansar. Noregs Boklag/Det Norske Samlaget i samarbeid med Noregs Ungdomslag, Oslo s. 274

Gjengjeve med løyve frå Noregs Ungdomslag. Dansen vert nytta som norsk samdans på BARNLEK 2017 på Færøyane.

Rettleiing

Oppstilling: Parvis i ein ring. Gut og jente held i høre handa til kvarandre og vender halvvegs mot kvarandre, halvvegs mot sentrum i ringen. Ein kan vera så mange par som ein vil, men det må vera like tal.

Ein vel ut to par som stå midt imot kvarandre på kvar si side av ringen, til å starta dansen. Dei er oppførande par. Mellom dei står det like mange par på kvar side.

Tak: For ledig hand: Alle held hoftefeste med tommelen framover med eine handa eller bege hendene. Guten legg armana i kross over brystet i halvkjeda.

Steg: Bytomfotsteg med hopp frå reinlender (SSShs), hoppsteg frå reinlender (Shs), gåsteg I (S), sluttsteg (1½ svikt).

Fyrste turen og dei to delane i andre turen er bygde opp slik at berre to par dansar om gongen. Kvar tur/del vert dansa om att til alle para i ringen har fått vera med.

Dei som er valde til oppførande par, dansar alltid dei nye turane fyrst. Så dansar dei to para som står til venstre for kvart sitt oppførande par. Sidan dansar heile tida dei som står til venstre for eit av dei to para som dansa sist. Slik held ein fram til alle har dansa. Dei som ikkje dansar, står i ro på plassen sin i ringen.

TUR I

2 takter: To par dansar mot kvarandre og helser – 1 bytomfotsteg og 2 gåsteg

Gutane tek til med V foten, jentene med H, og dei to para dansar 1 bytomfotsteg mot kvarandre og trør vidare fram med 2 gåsteg. Dei stoggar på andre gåsteget, og para helser kvarandre med eit fast bukk. Dei kan samla føtene på andre gåsteget, slik at dei får tyngda på begge føtene.

2 takter: Para snur, dansar atende inn på plass og helse – 2 hoppsteg og sluttsteg

Gut og jente snur mot kvarandre og rundt ½ gong, slik at dei får ryggen til det andre paret, og dansar attende mot plassen sin på 2 hoppsteg. Guten tek til med H foten, jenta med V. Så trør dei inn på plass på eit sluttsteg samstundes som dei snur mot kvarandre mest ½ gong og stoggar vende halvvegs mot sentrum i ringen. Gut og jente helser på kvarandre med eit fast bukk i det same dei stoggar. På sluttsteget kan dei setja ledig fot inntil dansefoten, eller setja han fram mot partneren med hælen i golvet. Det vert V foten for guten og H for jenta. I det dansen held fram, samlar dei som har sett fram hælen, føtene, og para vert ståande i ro.

Når eit par tek til å dansa, kan dei trø ein appell på fyrste trinnet.
Etter at alle para har dansa turen ein gong, vert dan dansa opp att.

åttepardansen-forklaring

Fig 1: Oppstilling: Oppførande par skal dansa mot kvarandre fram og attende.
Fig 2: Para dansar halvkjede over til motsett plass. Guten dansar føre i ein boge med sola, og jenta følgjer etter når dei svingar inn på plass.

TUR II

FYRSTE HALVDEL

4 takter: Halvkjede med jentene inst til motsett plass – 2 bytomfotsteg – 2 hoppsteg og sluttsteg

Gutane tek til med V foten, jentene med H, og dei to para dansar mot kvarandre på 1 bytomfotsteg. Så dansar dei forbi kvarandre på 1 bytomfotsteg i halvkjede: Jentene dansar mellom gut og jente i paret dei møter, medan gutane dansar på utsida. Dei slepper taket i det same dei dansar forbi kvarandre. Gutane leg armane i kross over brystet, og jentene tek hoftefeste med begge hendene.

Dei held fram med 2 hoppsteg mot plassen til paret dei dansa forbi. Guten dansar føre i ein boge med sola inn på plass i ringen, og jenta følgjer etter. På eit sluttsteg snur dei mest mot sentrum i ringen. På sluttsteget tek dei saman høgre hand i høgre att, og guten fester ledig hand samstundes som dei stoggar og helser kvarandre med eit fast bukk. Dei set ledig fot fram mot partneren med hæøen i golvet. Det er H foten for guten og V for jenta. I det dansen held fram, samlar dei som har sett fram hælen, føtene, og para vert ståande i ro.

Når eit par tek til å dansa, kan dei trø ein appell på fyrste trinnet.

Når alle para har bytt plass med paret beint imot på denne måten, er fyrste halvdelen av tur II slutt.

ANDRE HALVDEL

4 takter: Halvkjede med gutane inst til motsett plass – 2 bytomfotsteg – 2 hoppsteg og sluttsteg

Gutane tek til med V foten, jentene med H, og dei to para dansar mot kvarandre på 1 bytomfotsteg. Så dansar dei forbi kvarandre på 1 bytomfotsteg i halvkjede: Gutane dansar mellom gut o jente i paret dei møter, medan jentene dansar på utsida. Dei slepper taket i det same dei dansar forbi kvarandre. Gutane legg armane i kross over brystet, og jentene tek hoftefeste med bege hendene.

Dei held fram med 2 hoppsteg mot eigen plass. Guten dansar føre i ein boge med sola inn på plass i ringen, og jenta følgjer etter. På eit sluttsteg snur dei mest mot sentrum i ringen. Påsluttsteget tek dei saman høgre hand i høgre att, og guten fester ledig hand samstundes som dei stoggar og helser kvarandre med eit fast bukk. Dei set ledig fot fram mot partneren med hælen i golvet. Det er H foten for guten og V for jenta. I det dansen held fram samlar dei føtene og vert ståande i ro.

Når eit par tek til å dansa, kan dei trø ein appell på fyrste trinnet.

Når alle para har kome attende til eigen plass på denne måten, er andre halvdelen av tur II slutt.

TUR III

Kjede rundt ringen til eigen – ½ gong rundt med eigen – kjede attende til plass – hoppsteg/bytomfotsteg

Gut og jente snur mot kvarandre, alle tek til med V foten med appell og dansar kjede med hoppsteg. Dei kan leggja inn enkelte bytomfotsteg i kjeda. Gutane dansar mot sola, jentene med sola til dei møter eigen partner. Dei svingar ½ gong rundt med kvarandre og dansar kjede attende til plass, gutane med sola og jentene mot sola.

Når dei møter eigen partner att, svingar dei rundt ½ gong og stoggar med eit sluttsteg samstundes som dei gjerne set ledig fot fram mot partneren med hælen i golvet og gjer eit fast bukk til kvarandre.

No er dansen slutt, og dansarane klappar av. Det vil seia at dei klappar i takt med musikken som teikn på at musikken kan stogga.

Leikarringen i BUL Oslo

Folkedanslaget Springar’n

Musikken

Musikk til dansen vart fyrste gongen prenta i NF II 1952, ein slått som er vanleg kjend under namnet Sørensens reinlender. Klara Semb oppgjev også Anders Sørensen som komponist. Ander Sørensen (1821-1896) frå Hedmark var kjend komponist, bygdespelemann og jamvel fiolinist. Han har sjølv brukt tittelen «En Hilsen til Hamar» på slåtten (nr. 93). Det ser ikkje ut til at det er Klara Semb som har knytt slåtten til Åttepardansen. Kjeldene frå 1973/82 ville gjerne ha den melodien. Dei meinte det var den mest brukte, men at det berre var ein vanleg reinlender som skulle til. Me har difor også teke med eit par lokale reinlenderslåttar her i boka, nr. 92 og 94.

I turdanssamanheng er me folkdansarar vane med at musikk og dans skal vera skreddarsydde til kvarandre. Åttepardansen viser at det nok har vore ein del unnatak til ein slik regel. Når talet på deltakarar er tilfeldig, treng ikkje skrifte mellom delane i dansen og delane i musikken falla saman. Musikken går til dansen er slutt, og så klappar dansarane av.

Lydklippet er spelt inn av Maria S. Toppe.