Soga om Kark

Og Håkon var oppi Gauldal
på gjestebod eit sted
og i ladejarlen sitt fylgje
var trælleflokken med.

Hei-hå, hei-hå, hei-hå, hei-hå, du Tormod Kark
Vår lagnad den vert lik,
for vi to vart fødd i same natt, og saman skal vi døy,
ein træl vært ikkje fri
om han drep sin jarl for å tene ein annan mann.
For stormenn er like feig og falsk og umoralsk
så svik du meg, så svik vel kongen deg.

Men bøndene vart arg,
og hærpil blei sendt ut,
så Kark og Håkon gøymde seg
for kvar ein bondegut.

Og trælen grov et høl
med tømmer ovanpå,
så Kark og Håkon saman
under grisebingen lå.

Og Kark tok fram ein kniv,
i dunkle, djupe grav,
der drap han Håkon Jarl
og kutta jarlehovet av.

På Lade vart det fest
då Kark med hovet kom,
for der sat Olav Tryggvason
så kristeleg og from.

Og trælen fekk si løn,
ei løn frå ein monark,
for kongesverdet kvein så kvasst
at hodelaus vart Kark.

Kong Olav med sin hird
til Nidarholmen dro,
og hodene vart sett på stong
og steina båe to.

Spotify
Tekst
Sæmund Fiskvik
Melodi
Isenkram
Kjelde
Fiskvik, Sæmund (1974)